Meny


Kontaktinfo
FOS
Postboks 40
N-5559 Sveio
Tlf: +4753748091
Mob: +4795919091
Fax: +4753748001 
  email FOS
jan.enerstvedt
@sveio.kommune.no


Org.nr. 864 967 272
Kontonr. 32014598285

Besøksskular

På desse sidene finn du stoff og linkar om besøksskulane våre i Sunnhordland.

Kort om kvar skule/oppvekstsenter:

Undarheim skule, Kvinnherad

Vi er ein 1-7 skule på Husnes. Det er 270 elevar på skulen, 34 av  elevane våre er minoritetsspråklege. Prosjektet vi ynskjer å presentera er Mappemetodikk. Vi har arbeidd etter denne metoden frå 2004 og no arbeider alle elevane våre med dette. Vi har halde kurs for dei fleste skulane i Kvinnherad og også nokre kurs for andre kommunar. I mappemetodikken er elevsamtalane sentrale. På Undarheim skule får elevane samtale med kontaktlærar kvar tredje veke. Alle elevane våre har visningsperm. Metodehefte blir trykt opp og vil vera tilgjengeleg for besøkande.

Kontaktinfo: Anne Sofie Bjelland Kjeka / Eva Haugland, 53461460

akjeka@kvinnherd.kommune.no ,evahaugland@kvinnherad.kommune.no                               web:http://www.undarheim.skule.no/

Våge skule, Bømlo

Våge har dei to siste åra drive forsøk med faste aldersblanda grupper, mest på 1. – 4. steget,men også på 5. -7. steget. Første året (2007-2008)vart det gjennomført i alle fag på småsteget, men dette skuleåret har me hatt aldersblanda grupper(1-4 og 5-7) i tre fag; kroppsøving, kunst og handverk og musikk. Det er utarbeidd eigne fagplanar for faga der stoffet er fordelt på tre/fire år. Dette arbeidet skal halda fram i 2009-10, med mogeleg utviding til andre fag. Dei vil utarbeida eit kortfatta informasjonshefte om bakgrunn og korleis det er organisert.
Sentralt i arbeidet er tilpassa opplæring – meistring

Sentralt i arbeidet er tilpassa opplæring – meistring

Oversikt over besøksdagar:

Tysdag

(skulen tek til 08.15 og dagen er slutt for elevane kl.11.45):

 1.økt:

2. økt:

 Fredag

(skulen tek til 08.15 og dagen er slutt for elevane kl.11.45):

  1. økt:

2. økt

Last ned brosjyre frå Våge skule for meir informasjon her

Kontaktinfo: Inger Johanne Sele, tlf 53423680
Epost:
inger-johanne.sele@bomlo.kommune.no
Web: www.bomlo.kommune.no/skuleportal
 
Omvikdalen oppvekstsenter, Kvinnherad

Tema: Arbeidsmiljø og samarbeid i eit velfungerande OPPVEKSTSENTER

- Korleis utvikla og halda på eit godt arbeidsmiljø over tid?
- Korleis samarbeida og planleggja i eit oppvekstsenter?
- Korleis oppnå gode resultat over tid med omsyn til læring,
  trivsel og utviklinga av barn, elevar og tilsette?
- Korleis gjera seg nytte av ”Kommunikasjonsreglar”?
- Korleis samarbeida over landegrensene?

Me kan tilby ein dag her i Omvikdalen oppvekstsenter omtrent
som dette:
08.00 – 10.00: Dialog med oss, styrar Laila Næs og verksemdsleiar
Bjørn Rune Bergane
(set inn bilete s. 3 i 5 års-planen + s. 32 i same plan)
10.00 – 11.00: Vitja klassar, snakka med lærarar og tillitsvalde.
Myldra litt rundt.
11.00 – 11.30: Mat
11.30 – 12.30: Informasjon om Omvikdalen barnehage, dialog.
12.30 – 13.15: Vitja Omvikdalen barnehage, snakka med barn og
tilsette.
13.30 – 14.00: Oppsummering om ønskeleg.
Prisar: Me lagar avtalar med kvar einskild etter drøfting
av tidsbruk, tal på deltakarar og betalingsevne.
Pris mellom 0 og 3000 kroner.

Omvikdalen har utarbeidd ein informativ brosjyre som kan lastast ned her

Kontaktinfo:  Bjørn Rune Bergane og Laila Næs, tlf 53461420

Bjorn.rune.bergane@kvinnherad.kommune.no

Web: http://www.omvikdalen.oppvekstsenter.no/

**************************************************************

 Med besøksskule meiner me ein skule som over tid har utvikla/prøvd ut/erfart noko viktig fagleg eller tematisk som andre skular kan læra av. Skulen/skulane som blir valde ut vil og vera aktuelle som besøksskular når FOS kvart år tek imot utanlandske gjester gjennom EU sitt studiebesøksprogram (”Study Visit”).

- Skulen må ha god kompetanse innan det aktuelle temaet/faget

- Temaet/faget må ha rotfeste i nasjonale, regionale eller kommunale satsingsområde

- Skulen må kunna dokumentera arbeid med og resultat innan det valde temaet/faget

- Temaet/faget må vera systematisert og gjennomsyre skulen

- Skulen må vera villig til å ta imot besøk utanfrå i verkeperioden

Besøkande må dekka kostnad med evt lunch