Meny


Kontaktinfo
FOS
Postboks 40
N-5559 Sveio
Tlf: +4753748091
Mob: +4795919091
Fax: +4753748001 
  email FOS
jan.enerstvedt
@sveio.kommune.no


Org.nr. 864 967 272
Kontonr. 32014598285

Aktuelt

VEL MØTT TIL KURS

Fredag 3.februar er det igjen klart for interkommunal kursdag i FOS regi. God påmelding til alle kursa tilseier at vi har truffe bra med tilbodet vårt. På nokre av kursa er det enno ledige plassar - du kan såleis melda på til du får opp "kurset er fullt" melding. På neste sider finn du oversikt over kor kursa går og kven som er FOS kontakt.  Vi ynskjer alle ein god kursdag!

Les meir...
VELLUKKA LIB-SAMLING I HAUGESUND

I underkant av 100 barnehageleiarar hadde to utbytterike dagar 18. og 19. januar på Rica Maritim hotell i Haugesund.  Helga Sotnak losa dei trygt gjennom dagane der systematisk vurderingsarbeid i barnehagen var tema. Dagane blei varierte med gruppearbeid, eigenrefleksjon og førelesing - sosialt samsvær i pausar og om kvelden er og viktig på slike samlingar. Gjennomgangstonen var at "dette er matnyttig - dette trong me læra meir om".  Denne årlege LIB-samlinga i Haugesund har nå blitt ein tradisjon - FOS startar om ikkje lenge planlegginga av neste års samling.

FOS MED I MILLIONPROSJEKT

Denne veka fekk regionen melding om at 5 av kommunane våre er komne med i den stortstilte nasjonale satsinga på Vurdering for læring. FOS -kommunane valde å søkja som region og tente truleg på det. Av 8 plassar i Hordaland, fekk våre kommunar 5 - noko som totalt gir godt over ein million på til frikjøp og opplæring det neste halvtanna året. I grunnlagsdokumentet frå direktoratet seier ein at satsinga på VFL tar utgangspunkt i omgrepet undervegsvurdering slik det er defnert i opplæringslova. Undervegsvurdering skal brukast som reiskap i læreprosessen som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i faga. Frå Sunnhordland deltar 15 skular i 5 kommunar - både barneskular, kombinerte skular og reine ungdomsskular er med. Les meir om satsinga her.

BRUK BESØKSSKULANE VÅRE!

FOS har nå tildelt 2 nye skular besøksskulestatus: VÅGE SKULE, Bømlo og OMVIKDALEN OPPVEKSTSENTER, Kvinnherad. Desse to skulane har henholdsvis aldersblanda klassar og arbeidsmiljø og samarbeid i eit velfungerande OPPVEKSTSENTER som tema. Frå før har vi UNDARHEIM SKULE i Kvinnherad med mappemetodikk som tema.  Med dette set vi førebels strek for fleire besøksskular dette året. Vi ynskjer alle 3 lukke til og kjem tilbake med meir info om arbeidet etterkvart. Meir om dei tre besøksskulane kan du lesa her.

Les meir...
1-4 av 4