Meny


Kontaktinfo
FOS
Postboks 40
N-5559 Sveio
Tlf: +4753748091
Mob: +4792093681
Fax: +4753748001 
  email FOS
bjorn.tore.enerstvedt
@sveio.kommune.no


Org.nr. 864 967 272
Kontonr. 32400887550

Aktuelt

ARBEIDSLIVSFAGET PÅ TIMEPLANEN

Måndag 24.4 hadde FOS invitert lærarar som underviser i arbeidslivsfaget til nettverk-samling på Kunnskapshuset. Det møtte opp 12 engasjerte lærarar frå 6 skular. Anne Kallevik Grutle frå Sveio innleia saman med Ole Johan Sveen frå same skule. Dei presenterte både planar og korleis dei jobba i praksis. Dei andre deltakarane bidrog og med innspel. Det var sett av god til til erfaringsutveksling, noko det tydeleg var behov for i gruppa. Etter lunch orienterte Nina Østensjø frå Ungt Entreprenørskap Sunnhordland om kva ho/UE kan bidra med. Det viste seg at bruk av elevbedrift var noko mange hadde prøvd , men som dei gjerne ville ha meir kjennskap tll.

FOS vil prøva å få til ny samling for dei som jobbar med faget til hausten.

Nedanfor finn du presentasjonane som Anne og Ole Johan hadde.

 

Les meir...
KULTURSKULANE FÅR RETTLEIING
Etter søknad er våre kulturskular komne med som felles gruppe i eit rettleiarkorps som skal hjelpa til med å utvikla skulane. Torsdag 24.november er første samling for kultursku

lerektorane og 2-3 andre tilsette frå kvar skule. I tillegg møter representant for kommunenivået. Samlinga blir i kulturskulen på Stord sine lokaler i kulturhuset. Tema er kap. 2 i Rammeplan for kulturskulen - mangfald og fordjuping. Påmelding for dei aktuelle på kursdatabasen  
VELKOMMEN TIL KULTURSKULEGRUPPA
Etter ein del år utanfor FOS, er nå kulturskulane igjen komne inn i FOS-familien. Styringsgruppa var i siste møte før ferien samstemte om at kulturskulane våre høyrer naturleg inn saman med dei andre fora i oppvekstsektoren og får dermed tilgang på tenestene og tilboda FOS har. I tillegg til våre eigne kulturskular, deltar og skulane i Austevoll og Tysnes på møta i kulturskulegruppa. FOS-kommunane har fått tildelt ressursar til rettleiar i samband med innføring av ny rammeplan for kulturskulen. Representantar for alle skulane/kommunane er derfor innbedne til oppstartskonferanse på Gardermoen 15.9. Les meir om kulturskulegruppa her 
UTDANNINGSVAL - LOKAL LÆREPLAN OG KURS

Faget utdanningsval er stadig i endring - siste sentrale endringa blei gjort gjeldande frå hausten 2015.  Ei gruppe i FOS har etter dette sett på konsekvensane av endringane og omarbeidd den tidlegare lokale læreplanen slik at han nå er i tråd med den sentrale planen.
Vi håpar at skulane tar planen i bruk frå neste skuleår. Kan lastast ned her - men er og sendt alle ungdomsskulane..
I samband med faget utdanningsval, blir det arrangert ei to-dagars samling i Haugesund 1. og 2.september på Scandic Maritim. Kurset er i samarbeid med Senter for yrkesrettleiing i Hordaland, Karriere Sunnhordland, FOS og Haugaland skole-arbeidsliv. Samlinga er gratis for skulane og påmeldingsfrist er 15.juni. Ta kontakt snarast viss du er interessert - begrensa tal plassar! Det er og planlagt ei oppfølgingssamling 30-31.mars - denne blir på Stord hotell.

 

EG BYGGJER MEG EIN BÅT
Båtprosjektet vi kjører i samarbeid med Sunnhordland museum har vore ein suksess. Gjennom mange år har dette opplegget vore tradisjon i Sunnhordlandskommunane i mai/juni.

FOS støttar prosjektet via midlar vi får frå den kulturelle skulesekken i fylket - ein eigenandel inkludert skyss til spelestadene må kvar eining eller kommunen syta for. Hausten 2014 reforhandla FOS avtalen med museet - dette gjer at alle kommunane nå får båtprosjektet kvart år mot tidlegare annankvart år. Dei fleste kommunane får besøk på våren som før, medan nokre må ta besøket tidleg haust. Dette grunna logistiske og manskapsmessige utfordringar. Materiellkostnadane ligg nå inne i pakken og det er kommunen sentralt som betalar mellomlegget. Vi håpar dette vil gi eit betre tilbod samt forenkla den økonomiske biten. Besøksplanen for vår/haust 2015 kan du lasta ned her. Sjølve avtalen finn du nedanfor. Les meir...
<< Forrige side 6-10 av 10