Meny


Kontaktinfo
FOS
Postboks 40
N-5559 Sveio
Tlf: +4753748091
Mob: +4792093681
Fax: +4753748001 
  email FOS
bjorn.tore.enerstvedt
@sveio.kommune.no


Org.nr. 864 967 272
Kontonr. 32400887550

Lærande nettverk

Her kjem stoff om lærande nettverk i Sunnhordland.

Lærande nettverk som arbeidsform handlar om å etablera strukturar og arbeidsformer som bidrar til å utvikla kompetanse og endra praksis, som igjen kan bidra til auka tolkningsfellesskap. For å understreka at føremålet er læring og endring av praksis, bruker vi omgrepet ”lærande nettverk”. Knut Roald har sett opp 7 bod for at lærande nettverk skal fungera optimalt:

1 Alle må vera skriftleg førebudde

2 Leiarane for nettverka må ha reist førebuingsspørsmål på førehand

3 Ein må ikkje gå frå kvarandre før ein har avtalt konkret kva ein skal gjera til neste gong

4 Møteleiinga på omgang

5 Rekkeframlegging. Kvar deltakar legg fram sine synspunkt før diskusjonane tar til.

6 Diskuter det positive med eit forslag/tiltak før ein diskuterer det negative/utfordringane.

7 Ikkje avslutt nettverket utan å bli einige om milepælar og ansvarlege til neste møte/samling.

I Sogneregionen har dei veldig gode erfaringar med lærande nettverk, her har Høgskulen med m.a. Knut Roald i spissen vore ein viktig pådrivar.

**************************************************************************************

Dette året startar vi opp desse nettverka:

a) Vera saman for barnehage (oppstart 6.1)

b) Begynnaropplæring for skule. (19.11 og  09.03)

c) Migrasjonsnettverk for grunnskulen (18.11 og 2.3)

d) Eksamensnettverk - matematikk skriftleg - 2 samlingar - (11.11 og 9.3)

e) Eksamensnettverk - norsk skriftleg - 1 samling vår (3.3)

Migrasjonsnettverk skule.

Første samling blei gjennomført 18.11.2015. Tema var ordforråd og leseforståing. Vigdis Alver, HSH hadde ei fin innleiing - deretter var det gode drøftingar i mindre grupper der dei 18 deltakarane utveksla erfaringar. Til sist hadde vi ein oppsummeringsrunde og snakka om tema på neste samling, 2.mars. Overskrifta på samlinga i mars er Annanspråkutvikling. Vigdis Alver blir med også då.

Her er presentasjonen til Vigdis frå den 18.11

Presentasjon frå kurset Vigdis hadde på HSH 25.1

Vigdis sin presentasjon 2.3

Begynnarnettverk skule.

Første samling var 19.11 - fokus var retta mot bruk av grupper. 3 lærarar frå Hystad skule delte frå sin praksis, elles snakka Kristin Skare om dialogkonferansemodellen og Kristine Sætre oppsummerte frå kurset med Nina H Hjellup. Ei ivrig forsamling delte erfaringar og gav uttrykk for at dagen hadde vore sers matnyttig. Neste samling er planlagt 9. mars. Påmelding via databasen.

Eksamensnettverk - matematikk skriftleg.

Første samling gjekk 11.november med vel 40 deltakarar. Alle FOS-kommunane var representerte. Magnar Kloster hadde innlegg i starten og gjekk m.a.gjennom ein del oppgåver. Han peika konkret på oppgåvetypar elevane gjorde det dårleg år etter år og som derfor burde kunna gjerast noko med. Fleire var inne med idear kva som kunne betra resultata, m.a. er det viktig at den sentrale eksamensrettleiaren er godt kjent for både elevar og lærarar. Marit Tarlebø viste utviklinga i resultat for dei ulike kommunane over ein lengre periode. Sunnhordland ligg i snitt under nasjonalt nivå, noko vi har som mål å gjera noko med i 2016. Ny samling er sett til 9.3. Påmelding via databasen.