Meny


Kontaktinfo
FOS
Postboks 40
N-5559 Sveio
Tlf: +4753748091
Mob: +4795919091
Fax: +4753748001 
  email FOS
jan.enerstvedt
@sveio.kommune.no


Org.nr. 864 967 272
Kontonr. 32014598285

Retningsliner FOS

 RETNINGSLINER FOR FOS - STYRINGSGRUPPA.

Mål:

 Å samarbeida om oppgåver som blir løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå

 

Deltakarar

 Den/dei fagleg ansvarlege for oppvekst i kvar kommune. Kvar kommune peikar ut ein fast representant i FOS med vararepresentant. Kvar kommune kan møta med både den faste representanten og vararepresentanten etter eige ynskje.

 

Omfang.

 FOS omfattar desse kommunane i Sunnhordland:

Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio

 

Organisasjon

 Samarbeidet i FOS blir organisert som ein prosjektorganisasjon med ei styringsgruppe - seinare omtalt som Styringsgruppa. I tillegg vert det organisert fire ulike leiarfora:

·        Grunnskulegruppa (omfattar grunnskule, DKS og vaksenopplæring

·        Barnehagegruppa 

·        PPT

Helsestasjonane er og komen med dei siste åra etter eige initiativ. Styringsgruppa i FOS kan elles oppretta nye leiarfora etter behov. Dei ulike gruppene kan organisera seg i ulike nettverk. Alle nye grupper/nettverk skal godkjennast av Styringsgruppa.

 

Samarbeidspartar

 Høgskulen Stord/Haugesund (HSH)

Fylkesmannen i Hordaland (FIH)

Vidaregåande skular

Den kulturelle skulesekken (DKS)

Senter for Yrkesrettleiing (SYR)

 

Samansetjing

 Styringsgruppa i FOS skal vera samansett slik:

Ein fast representant frå kvar kommune. I tillegg kan kvar kommune stilla med ein vararepresentant etter eige behov. Dei ulike leiarfora og samarbeidspartane møter etter behov med ein representant kvar. 

 

Leiing

 Leiing av FOS skiftar slik mellom kommunane:

Kvinnherad-Stord-Bømlo-Sveio-Fitjar-Etne.

Leiarfunksjonen i Styringsgruppa skal rullerast med 2 års funksjonstid.

Ein bør søkja å unngå at det kjem ny leiar og sekretær samstundes.

Leiar/nestleiar eller dagleg leiar representerer FOS i AU hos Fylkesmannen si Utdanningsavdeling og møter og etter innkalling i rådmannsforumet.

 

Sekretariat.

 FOS har eit sekretariat med nødvendig sekretærhjelp og tilgang på moderne kontorutstyr.

Sekretariatet ligg til vanleg i den kommunen som har leiinga. Styringsgruppa kan gjera serskilt vedtak dersom andre løysingar i periodar er meir tenlege. Dei siste 12 åra har sekretariatet hatt base i Sveio

Storleiken på sekretærressursen er i utgangspunktet 60% (for tida 90%) og blir fastsett av FOS for eitt år om gongen.

Sekretærressursen blir nytta slik:

·        Leiing av sekretariatet

·        Sekretær for FOS si styringsgruppe

·        Sekretær for Grunnskulegruppa og Barnehagegruppa

·        Sekretær for ulike leiarfora og prosjektgrupper etter avtale.

·        Oppgåver frå rådmannsforumet , t.d. Kommunal leiaropplæring

 

Sekretæren blir lønna slik: Den som går inn i stillinga som sekretær, skal behalda lønsplassering og lønsutvikling til den stillinga han/ho kjem frå. Dersom sekretæren går frå ei undervisningsstilling eller liknande, blir lønsplasseringa kompensert med 2 lønssteg på hovudlønstabellen.

For sekretærdelen av stillinga, gjeld vanlege kommunale vilkår med omsyn til arbeidstid og ferie.

 

Møtefrekvens og innhald.

 Til vanleg bør det vera minst 3 møte pr. semester. I særlege kan det vera oftare møte.

Møta bør innehalda følgjende moment:

·        Samhandlingsdel

·        Drøftingsdel

·        Læringsdel

·        Ideutvekslingsdel

·        Vedtaksdel

 Styringsgruppa tar stilling til prosjekt/arbeidsoppgåver frå dei ulike leiarfora/nettverk, og godkjenner eller ikkje godkjenner desse. Styringsgruppa kan og ta initiativ til nye prosjekt.

 

 Samarbeid med HSH

 Samarbeidet med HSH blir nedfelt i ein avtale. Avtalen bør revurderast kvar fjerde år i samband med skifte av leiing. Det bør arrangerast eit møte mellom FOS si leiing og leiinga ved HSH kvart år.

 

FOS må arbeida aktivt for å få til eit tettare og meir forpliktande samarbeid med dei vidaregåande skulane i regionen.

 

Årsmelding , handlingsplan og rekneskap

 Sekretæren utarbeider årsmelding for kvart skuleår for verksemda i FOS. Årsmeldinga saman med rekneskapsoversyn blir lagt fram for Styringsgruppa på siste møte før ferien. I samband med drøfting av årsmelding og rekneskap, drøfter Styringsgruppa strategiar og arbeidsoppgåver for året som kjem. Strategi og arbeidsoppgåver skal munna ut i ein handlingsplan for FOS neste skuleår.

 

 

Ajourført

15.11.2011 JTE